ÆGIRS AÑEJO


Ægirs Añejo er ei eksklusiv smaksoppleving og eit økologisk brennevin med historisk sus. Ikkje berre har denne kulturdrikken røter tusenvis av år attende i tid, det har heller aldri før vore laga brennevin i Noreg av 100 % meksikansk Blå Weber-agave. Denne planta – som er ei lilje og ikkje ein kaktus – er den einaste som kan brukast til å lage ekte tequila. Blåagaven trivst best i høgda der det er tørt, og veks difor sakte. Det gjev ein særeigen, konsentrert smak. Først sju år etter planting kan agaven haustast av kunnige hender. Deretter vert den foredla til ein sirup – som vi altså har importert og para med friskt fjellvatn frå Flåm. Etter fermentering og destillering er spriten fatlagra i over to år i nye, amerikanske eiketønner. Det gjev eit mjukt og behageleg brennevin med alle dei aromatiske kjenneteikna til ekte añejo – utsøkt tequila fatlagra mellom eitt og tre år.