2 STOUTS IN 1


Generelt i livet er det vel betre med to i staden for ein? Det var i alle fall det me tenkte med vår nye Stout. Kvifor avgrense det til éin versjon, når me kan lage to? – Og dermed noko for einkvar smak. Den eine som du les om no er ein klassisk Dry Stout utan fatlagring, med smakar av røsta malt, kaffi og sjokolade. Den andre er akkurat same Stout lagra på skotske whiskyfat, som gir preg av torvrøykt malt, eik og whisky. Finn din favoritt eller gå for “the best of both worlds”.