BERSERKER


I norrøn mytologi vart ein Berserker gripen av eit vilt raseri der ein angreip alt omkring seg, kalla «berserkergang». Kanskje desse krigarane heller skulle ha roa ned med ein lindrande dram i staden? Vår urtebitter er sett saman av heile 32 ulike urter og er eigna både bar og i drinkar. Eit mykje rolegare alternativ til å gå berserk, og kan gjerne nytast etter eit godt måltid og nokre sigrar i kvardagen.

Hjå Ægir Bryggeri brenn vi for dei gode smakskombinasjonane. Sidan 2007 har vi brygga eit mangfald av typeriktige og prislønte ølsortar, og ettersom godt øl og god dram høyrer saman, etablerte vi også eige brenneri i 2011. Her lagar vi, med eldhug og respekt for gode handverkstradisjonar; edle dråpar i små og eksklusive parti.