BLOT FRUKTMJØD


I 2015 lanserte Ægir sin fyrste mjød, som eit sideprosjekt til ølbrygginga. Året etter starta Mjøderiet, som den fyrste aktøren i Noreg, å satsa på rein mjødproduksjon i moderne tid. Til saman har me mange års erfaring med gudane og kongane sin eldgamle drikk. Innhaldet i denne flaska attspeglar det gode forholdet mellom oss, og den solide fagkunnskapen me har opparbeida. Blot er ein melomel - mjød med frukt eller bær - laga i samarbeid med våre vener på Mjøderiet i Bergen. Denne eksklusive festmjøden er kun laga på bærsaft og honning, og lagra i 16 måneder på raudvinsfat. Råvarene er lokal lynghonning, rips, og kirsebær frå Lærdal. Resultatet er ein elegant og halvsøt mjød med en djup, konsentrert smak, rik fylde og høg kompleksitet. Blot passar til festlige høve, krembaserte kaker, sjokolade eller til å nytast åleine.

Trykk på symbola for å få forklaring på allergena.