BRAGESKÅL


Brageskål tyder «skål for den gjævaste, etterføld av eit løfte om storverk». Då bryggeripuben opna for fyrste gong i 2007, vart det skåla med håp om mange gode år som bryggeri. Når me no feirar 15 år, tykkjer me Brageskål er eit høveleg namn på jubileumsølet vårt. Naturleg nok er dette eit stort øl i stilen Scotch Ale, som har lege ein månad på skotsk whiskyfat. Dette gir eit klassisk og markant torvrøykt preg på ølet. Skål for dei 15 som har vore, og for alt det spanande framtida har å by på!