GJALLARHORN AKEVITT


Gjallarhorn er hornet til guden Heimdall i norrøn mytologi. Dette hornet kunne høyrast både i menneskas og gudanes verd, og vart brukt til å vekke gudane når det var farde på ferde. Namnet vert óg brukt om drikkehornet som Mime drikk av frå Mimesbrønnen for å få visdom. Akevitt tyder som kjent livets vatn, og kva er vel da meir passande enn namnet Gjallarhorn. Om ein er på utkikk etter ny visdom eller for å vekke nokon, får vera opp til kvar enkelt. Det me kan love er at denne akevitten er klassisk og karakteristisk med preg av tradisjonelle krydder og urter, heilt utan tilsett sukker. Passar godt både aleine og til robust mat.