LYNCHBURG NATT
Imperial Porter lagra i månadsvis på fat som kjem rett frå whiskyproduksjon i Lynchburg, Tennessee. Ølet har eit utsøkt preg av eik og amerikansk whiskey i smakfullt samspel med tonar av kaffi, vanilje og lakris. Lynchburg Natt er eit forførande fyldig og fløyelsmjukt brygg og godt eigna selskap for sjokoladedessertar eller ein klassisk crème brûlée.
Trykk på symbola for å få forklaring på allergena.