NITRO PORTER
Nitro Porter er ein fløyelsmjuk Porter med kremaktig konsistens grunna tilsetjing av nitrogengass i brygget. Nitrogen har ein magisk effekt på eit øl som dette, og gjev eit veldig tett skum og ei kjensle i munnen som er mjuk som silke. Nytinga starter allereie når ein skjenkar ølet; observér korleis dei bittesmå boblene lagar ein nydeleg kaskade-effekt i glasset og dannar ein perfekt skumtopp. Ein kan bli freista av mindre! Brygget er óg tilsett ein god dose med handrista kokosflak som gjer smaken og aromaen enda meir kompleks, med ei nøtteaktig og behageleg avrunding.