NORDIC VIBE
Me møtte dei fine folka frå Budapest´s Monyo Brewing på ei av våre reiser og fann fort ut me har mykje til felles når det kjem til idéar om øl. Naturleg nok kom tanken om å lage eit øl saman. Prosjektet var å lage eit sterkt og unikt brygg der me nyttar nordiske ingrediensar. Resultat vart ein Wheat Wine tilsett solbær som vart lagra på Breckenridge Bourbon eikefat i fleire månader, og deretter tilsett eit hint av vanilje. Det ferdige ølet er så stort som det høyres ut, vinøs og syrleg med tonar av whiskey og frukt.
Trykk på symbola for å få forklaring på allergena.