SMOKY RYE


Rugøl er godt og røykpreg er godt, saman blir det dynamitt! Smoky Rye er ein koparfarga og middels fyldig øl med ein litt krydra karakter frå rugmalt. Den har eit lett innslag av røyk frå bøkerøykt malt, akkurat passe til at det blir eit velsmakande og særprega brygg. Perfekt for samankomstar med gode vener og gode matopplevingar. Harmonerar godt med ulike kjøtrettar, spekemat, pølser og ostar.

Trykk på symbola for å få forklaring på allergena.