MOCCA


Ein bonde som legg sjela si i gode råvarer fortener å få selt kaffien sin til nokon som bryr seg om sluttproduktet. Sognefjord Kaffibrenneri tek inn små parti av sporbar kaffi, henta hit fordi han er dyrka fram av bønder som legg like mykje stoltheit i sluttproduktet som me gjer. Sjølv om råvarene kjem langvegs frå, veit me å sette vårt preg på smaken. I ein kopp med kaffi frå oss finn du eit snev av både fjord- og fjelluft, av brevatn og solmodne tytebær og ein laks som sprett opp elva i lyset frå solnedgangen over Hurrungane. Ok, det var kanskje å ta i litt. Me veit at det berre er skikkeleg innsats og handverk som gjev den verkeleg gode koppen kaffi. Unn deg ein!